page view image

Odd Nordstoga

Arrangementsinformasjon
Albumet Dette Landet, med låtar som Kunsten å gå,  Diesel og Bensin og ikkje minst tittel-låten Dette Landet, vart ein av Odd Nordstogas største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt, og no mønstrar han på turnebussen igjen, for å feire dette albumet, og resten av låtane sine. 
 
Med på lasset kjem også at han spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon i 2016. Dette blei så fint, tykte både katten hans og plateselskapet, at det ble gitt ut. Plata heiter sjølvsagt Aleine heime og alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld.