page view image

Julekonsert - Tenorane og Steffen Horn

Arrangementsinformasjon

Så ha ei god jul, då!

Få, om nokon, fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen først og framst vert formidla og blir halde vedlike gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom Så går vi rundt om en enebær busk og Bachs Juleoratorium, vibrerer julefortellingene seg inn i ryggraden, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som er begava med evna til å sette strengar i bevegelse i mottagelege sinn.  

Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets framste songtrioar.

Repertoaret spenner frå Bach til Beatles, eller frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør. Gruppa består av Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad og den eminente pianisten Steffen Horn. No kastar dei seg over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å drysse musikalskt glitter over julefeiringa.