page view image

Storm Weather Shanty Choir

Arrangementsinformasjon

Dørene opnar kl 21.00
Speletider blir annonsert på konsertdagen
Aldersgrense 20 år (18 med studentbevis/førehandskjøpt billett)
CC: 150/200,- (student/ordinær)*

Vergeordning: http://kvarteret.no/arrangere/vergeordningen/


Storm Weather Shanty Choir

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske  sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs. 


Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg. 


SWSC har gjeve ut seks plater sidan oppstarten, har nyleg gitt ut ei live plate (januar 2017) og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar. Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor.  


Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar
Ronny Sætre - baryton og perkusjon
Rune Nesse - bass og perkusjon
Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»
Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar
Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel


Arrangeres av Bergen Realistforening:

http://rf.uib.no/

https://facebook.com/bergenrealistforening

https://twitter.com/BergenRF

http://instagram.com/bergenrf

swsc konsert bergen