Norsk Countrytreff 2017

Arrangementsinformasjon
Default 10959856 10153023041828328 2949334059813999775 n

Kjøper du billett på førehand får du:

  • Raskare inngang til konsertane- du slepp å stå i kø!
  • Eiga innsjekkluke til camping med mindre kø
  • Innslepp til camping onsdag kveld 18.00-21.00 (begrensa sanitærkapasitet)


I 2017 blir Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 23.gong. I løpet av tredje helga i juli vil over 20 artistar/band stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2009 ny publikumsrekord med  13 100 personar innom arrangementa, som alle finn stad i heile Gloppen. I 2015 hadde vi 13050 besøkande.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år, og ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg.

festival
countryfest
country
countryrock
outlaw
haggard
staut
breim

Restriksjoner

18-års-grense på camping og i skjenkeområder. Alder blir sjekka ved ankomst. Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Norsk Countrytreff står fritt til å vise vekk personar utan å refundere billettkostnad ved gjentatte brot på ordensreglar. Hundar er ikkje tillatt på campingområde og på festivalområde. Førarhund med gyldig attest har unntak.

Ansvarsfraskrivelse

Norsk Countrytreff kan ikkje lastast for force majeure. Kjøpte billettar blir ikkje refundert.